Foto av ei gul rose var utgangspunkt for dette motivet. Fotoet vart manipulert i Corel Photo Paint og lagra i forskjellig utsjånad, og eit par av dei vart brukt i denne qulilten. Stilkane og lauva vart teikna etterpå, og alt vart plassert på ein mørk bakgrunn før det vart printa ut på stoff og quilta med gullfarga metalltråd.